World News in Norwegian

Forsvararen til Høiby ønskjer ikkje å kommentere nye skuldingar

NRK.no 

– Dette er ei politisak. Som forsvarar for Marius er det ikkje mogleg eller rett av meg å kommentere alle nye påstandar eller opplysningar i media. Vi kjem tidlegast til å kommentere litt meir viss politiet tek nye formelle steg i saka, skriv advokat Øyvind Bratlien i ei melding til NTB.

Tidlegare i august vart sonen til til kronprinsesse Mette-Marit sikta for kroppskrenking og skadeverk etter ei valdshending på Frogner 4. august.

Dei tidlegare kjærastane Juliane Snekkestad og Nora Haukland har i sosiale medium skulda Høiby for vald. Snekkestad var i eit forhold med Høiby frå 2018 til 2022, Haukland frå 2022 til 2023.

Fredag førre veke var Snekkestad i avhøyr hos politiet.

Høiby er kun sikta for tilfellet på Frogner, og førre veke innrømte han at han utøvde vald mot ei kvinne han omtalar som ein kjærast og øydelagde gjenstandar heime hos ho. Han beklaga seg i det same fråsegnet.

Høiby skal avhøyrast av politiet denne veka.

Hendinga førte til at kronprinsessa si reise til Paris for å heie på dei norske utøvarane i OL vart utsett med nokre dagar.

– Det er jo ei alvorleg sak når politiet er involvert som dei er. Samstundes er det ikkje rett av meg å gå inn i saka no, trur eg, sa kronprinsen då han møtte pressa i Paris.

Читайте на 123ru.net