World News in Norwegian

Propanlekkasje i Austrheim stoppa, opphever sikkerheitssone

NRK.no 

Naudetatane rykka ut til ein propanlekkasje i ein tank på 30 kubikkmeter ved ein bedrift i Mongstad i Austrheim.

Brannvesenet oppretta ein sikkerheitssone på 300 meter og evakuerte området. To røykdykkarar vart send inn for å undersøke tanken.

Brannvesenet melder klokka 12.20 at dei har stoppa lekkasjen.

Sikkerheitssona vart opprettheldt etter lekkasjen, men vart oppheva rundt klokka 12.45.

Fylkesveg 57 er opna etter å ha vore stengd i samband med lekkasjen.

Propanlekkasjen var ikkje på Equinor sitt anlegg i området.

Det er ikkje meld om skadde personar.

Читайте на 123ru.net