World News in Norwegian

Australia: Retten til å logga av etter jobb blir lovfesta

NRK.no 

I Australia er det no lovfesta at tilsette kan logga av når arbeidsdagen er over, skriv BBC.

Det betyr at dei tilsette ikkje treng svara på e-postar eller følga med på telefonen utanfor arbeidstida.

Lova forbyr ikkje arbeidsgivar frå å kontakta dei tilsette, men gjev tilsette rett til å ikkje svara.

Det gjer det mogleg å ha ein betre balanse mellom arbeid og fritid, ifølge det australske fagforeiningsrådet.

Читайте на 123ru.net