World News in Norwegian

Uber får bot på 290 millionar euro

NRK.no 

Det nederlandske datatilsynet (DPA) har gitt taxitenesta Uber ei bot på 290 millionar euro. Dei meiner Uber har delt personopplysningar om europeiske sjåførar til USA utan tilstrekkeleg vern. Det melder AP.

Summen tilsvarar om lag 3,4 milliardar norske kroner.

Uber på si side seier dei vil anka, fordi dei meiner det er feilaktig og ugrunna.

Ifølge DPA skjedde overføringa av persondata over ein periode på to år, og er eit alvorleg brot på personvernforordninga i EU (GDPR).

Читайте на 123ru.net