World News in Norwegian

Dobling av unge uføre

NRK.no 

Andelen unge som får uføretrygd er meir enn dobla sidan 2010

Fleire unge mottar helserelaterte stønader viser ei ny undersøking frå Riksrevisjonen. Det er kritikkverdig at den arbeidsretta bistanden frå styresmaktene ikkje fungerer godt nok til å få fleire mellom 18 og 30 år over i arbeid eller utdanning.

– Andelen unge under 30 år som får uføretrygd er meir enn dobla sidan 2010. Det er ei urovekkande utvikling. I framtida får vi fleire eldre, og behovet for arbeidskraft vil auke. Me har ikkje råd til at så mange unge fell ut av arbeidslivet, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

– Noreg treng arbeidskrafta deira. Dei unge treng å bli tilknytt arbeidslivet, understrekar han.

Читайте на 123ru.net