Canada innfører 100 prosent straffetoll på kinesiske elbilar
Canadas statsminister Justin Trudeau innfører 100 prosent straffetoll på import av kinesiske elbilar, melder Reuters. Dei innfører også 25 prosent toll på kinesisk aluminium og stål.
EU vidarefører planane om straffetoll på elbilar frå Kina på opptil 36 prosent, skreiv E24 tidlegare denne veka.