World News in Norwegian

Båtbrann ved Ellingsøy

NRK.no 
Det brenn i ein båt ved Ellingsøya i Ålesund. Brannvesenet i Ålesund seier at brannbåten er framme og har starta sløkking. Dei veit førebels ikkje meir enn at det skal dreie seg om ein båt på 30 fot. HRS koordinerer redningsaksjonen. Politiet opplyser at det skal ha vore ein person i båten. Vedkommande skal ha kome seg i tryggleik i ein annan båt. Det var vitne på land som meldte frå om brannen.

Читайте на 123ru.net