92 amerikanarar vert nekta tilgang til Russland
Russland har nekta 92 amerikanske statsborgarar å kome inn i landet.
Blant dei som ikkje får tilgang er journalistar, leiarar i forsvaret, ettereningstenesta og tenestemenn i Biden-administrasjonen. Det melder det russiske nyheitsbyrået Ria Novosti.
Russisk UD grunngjev avgjerda med at Biden-administrasjonen har hatt som mål «påføre Moskva eit strategisk nederlag» ved å sanksjonere fleire russiske tenestemenn.