World News in Norwegian

FBI: Mistenkt i Trump-attentatet hadde uklar ideologi

NRK.no 

Mannen som er mistenkt for å ha skote Donald Trump tidleg i juli, var korkje høgre- eller venstrevridd, seier ein tenesteperson i FBI.

Ifølgje kjelda skal han ha vist eit blanda sett av ideologiar. Dermed er det ikkje klart kva som var motivet til skyttaren.

Det melder nyheitsbyrået Reuters.

Det var under eit valkampmøte i Pennsylvania den republikanske presidentkandidaten vart skoten i øyret. FBI mistenkjer at det er Thomas Crooks står bak attentatet på Trump. Crooks vart skoten og drepen av politiet på staden.

FBI har tidlegare uttala at dei har funne hans sosiale medium.

– Innhaldet i nokre av desse kommentarane er antisemittisk og hatefullt mot innvandrarar, forsvarer politisk vald og vert beskriven som ekstremt, sa visedirektør i FBI Paul Abbate, då han vitna i Senatet.

Читайте на 123ru.net