World News in Norwegian

FNs matvareprogram stansar hjelp i Gaza

NRK.no 

Verdas matvareprogram (WFP) har onsdag midlertidig stansa hjelpa i Gaza. Dette skjer etter at eit av deira køyretøy vart truffe av minst ti kuler, skriv Reuters.

IDF har førebels ikke kommentert saka, ifølgje nyheitsbyrået.

Køyretøyet var tydeleg merka og vart skote på då det nærma seg ein israelsk kontrollpost på Gazastripa.

WFP opplyser òg at køyretøyet hadde fleire godkjenningar frå israelske styresmakter.

– Trass i at dette ikkje er den fyrste tryggingshendinga som har skjedd under krigen, er det fyrste gong at eit WFP-køyretøy har blitt direkte skote på nær ein kontrollpost, sjølv om ein har sikra dei nødvendige godkjenningane, seier WFP.

FN har i lang tid påpeika hindringar for å få hjelp inn i Gaza under krigen.

– Hjelpearbeid i Gaza er sterkt avgrensa av fiendskap, utryggleik, og masseevakueringsordrar som påverkar transportvegar og fasilitetar for hjelp, sa FNs kontor for koordinering av humanitære saker.

Читайте на 123ru.net