World News in Norwegian

Palestinakomiteen ber Noreg sanksjonere Israel

NRK.no 

– Noreg må fordømme drapa på sivile og følgje opp initiativet frå EU og Irland om sanksjonar, seier Line Khateeb, leiar av Palestinakomiteen i Noreg.

EUs utanrikssjef Josep Borrell har fordømt valden mot palestinarar på den okkuperte Vestbreidda og føreslått sanksjonar mot israelske ministrar som gjer det mogleg for busetjarar å gå til åtak på palestinarar.

Utanriksministeren til Irland uttala torsdag at landet vil støtte forslaget til Borrell.

Det israelske militæret opplyste tidlegare denne veka at dei har innleitt ein militær operasjon på Vestbreidda. Torsdag meldte IDF at dei hadde drepe fem militante palestinarar i ein moské. Islamsk heilag krig seier ein av leiarane deira er drepen.

Onsdag vart ti palestinarar drepne i israelske luftåtak mot fleire byar, ifølgje Palestinsk Raude Halvmåne.

Читайте на 123ru.net