EU: anerkjenner ikkje Venezuelas Maduro
EU anerkjenner ikkje «den demokratiske legitimiteten» til Venezuelas Nicolás Maduro, seier Josep Borrell, EUs utanrikssjef.
– Han vil bli verande de facto president, men vi avviser demokratisk legitimitet basert på eit resultat som ikkje kan verifiserast, sa Borell etter eit møte med utariksministrane i EU, melder nyheitsbyrået AFP.
Torsdag førre veke stadfesta Høgsterett i Venezuela at Maduro hadde vunne valet, men fleire land har erklært opposisjonsleiar Edmundo González som valvinnar.