World News in Norwegian

Barth Eide: Situasjonen på Vestbreidda er ekstremt farleg

NRK.no 

– Midt oppe i den pågåande råskapen i Gaza er situasjonen på den okkuperte Vestbreidda ekstremt farleg, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) til NTB.

Han viser til åtaka på onsdag og torsdag frå israelske styrkar nord på Vestbreidda.

Torsdag vart 15 palestinarar drepne.

– Dei massive israelske militæroperasjonane i og rundt Jenin, Tulkarem og Tubas, forverrar ein frå før spent situasjon, med uventa konsekvensar for stabiliteten i regionen, seier Eide.

Eide er òg svært kritisk til at valdelege busetjarar tilsynelatande ustraffa får angripe palestinarar i dei okkuperte områda.

– Væpna, ekstremistiske busetjarar held fram med å terrorisere og skade palestinarar, med nesten totalt straffritak. Slike åtak må omgåande ta slutt, krev han.

Читайте на 123ru.net