Flyttar Høiby-etterforskinga
Oslo-politiet stadfestar at dei flyttar etterforskinga av Marius Borg Høiby-saka frå Sentrum politistasjon til Avsnitt for seksuallovbrot og vald i nære relasjonar.
– Marius Borg Høibys saker, der tre kvinner har status som fornærma, er i samsvar med intern rutine overførte til avsnitt for seksuallovbrot og vald i nære relasjonar, og vert etterforska vidare der. Siktinga mot han er ikkje endra, seier politiinspektør Henriette Taxt Røstadli til NRK.