Tolv døde etter jordskred i Pakistan
Tolv menneske er døde etter eit jordskred nordvest i Pakistan, nær grensa mot Afghanistan, skriv NTB.
Dei fleste av dei døde var barn.
Sidan 1. juli har meir enn 275 menneske omkomme i regnrelaterte hendingar ulike stader i landet.
Monsunsesongen i Pakistan går frå juli til september. Forskarar gir klimaendringar skulda for kraftigare regn dei siste åra.
I 2022 var det flaum i ein tredel av landet, og førte til at 1739 menneske døde.