IDF: Lokal Hamas-leiar drepen på Vestbreidda
Israelsk grensepoliti har drepe ein lokal Hamas-leiar på Vestbreidda, seier det israelske forsvaret (IDF), ifølge Reuters.
Wazzem Hazem skal ha vore leiaren for Hamas i byen Jenin.
IDF seier han blei drepen medan han sat i ein bil med våpen, ammunisjon og store mengder kontantar.
Også to andre personar, som skal ha vore Hamas-medlemmar, blei drepne då dei prøvde å flykte frå bilen, melder nyheitsbyrået.