IDF: Operasjonen i Khan Younis og Deir al-Balah er over
Etter ein månad lang operasjonen Khan Younis og Deir al-Balah, har israelske styrkar trekt seg ut, seier det israelske forsvaret (IDF) i ei fråsegn, melder NTB.
IDF hevdar dei har drepe 250 militante palestinarar i operasjonen. Dei skal også ha øydelagt over seks kilometer med Hamas-tunnelar og henta heim seks døde gissel.
Fleire av bebuarane, som tidlegare blei bedne om å flykte, skal fredag fått lov å vende tilbake.