World News in Norwegian

Fleire bokforlag saksøker Florida

NRK.no 

Fleire store bokforlag saksøker Florida på grunn av ei lov som gjer det mogleg å forby visse bøker på skulebibliotek. Det skriv BBC.

Forlaga meiner at lova, som vart vedteken i fjor, bryt mot ytringsfridomen i landet.

Lova gjer det mogleg for foreldre å protestera mot at skular skal kjøpa bøker som «framstiller eller beskriv seksuell åtferd». Ifølge søksmålet har bøker av mellom anna Maya Angelou og Ernest Hemingway vorte ramma av forbodet.

Ifølge ein rapport frå ein ytringsfridomsorganisasjon Pen America forbaud Florida 3135 bøker mellom juli 2021 og desember 2023.

Florida nektar for at nokre bøker er forbodne, men seier òg at seksuelt eksplisitt materiale ikkje sømmer seg i skulen.

Читайте на 123ru.net