World News in Norwegian

Finland vil forby russarar å kjøpe eigedom i landet

NRK.no 

Regjeringa i Finland sender måndag ut eit forslag på høyring som i praksis forbyr russiske statsborgarar og organisasjonar å kjøpe eigedom i Finland, melder NTB.

Regjeringa håper å kunne legge fram eit lovforslag for Riksdagen allereie i år.

Forslaget går ut på å gjere det forbode å kjøpe eigedom for personar eller verksemder som EU meiner krenker ein annan stats territorielle integritet, suverenitet og sjølvstende, og der heimlandet er ein trussel mot Finlands nasjonale tryggleik.

Читайте на 123ru.net