WMO: Afrika hardt ramma av klimaendringar
Fleire afrikanske land bruker opp mot 9 prosent av budsjetta sine i kampen mot klimaendringane, melder Verdas meteorologiorganisasjon (WMO), ifølge Reuters.
Trass i at Afrika slepp ut langt mindre klimagassar enn andre kontinent, stig temperaturane raskare enn det globale snittet.
Afrikanske land taper mellom 2 og 5 prosent av bruttonasjonalproduktet på grunn av dødelege hetebølger, kraftig regn, flaum, syklonar og langvarig tørke, ifølge ein rapport frå WMO.