World News in Norwegian

Volkswagen vurderer å stenge fabrikkar i Tyskland

NRK.no 

Leiinga i Volkswagen varsla måndag at dei ville seie opp ein avtale frå 1994 som slår fast at tilsette tidlegast kan bli sagde opp i 2030, melder fleire nyheitsbyrå.

Leiinga meiner tilbod om sluttpakkar og frivillig avgang ikkje er nok til å nå måla om innsparingar. Dei opnar difor for å legge ned fabrikkar i Tyskland og seie opp tilsette.

– Dette er eit angrep på arbeidarar, arbeidsplassane våre og kollektive avtalar, seier Daniela Cacalla som leiar ei samanslutning av fagorganiserte i VW-konsernet.

Читайте на 123ru.net