World News in Norwegian

Starlink nektar å blokkere X

NRK.no 

Starlink, som er eigd av Elon Musk, nektar å blokkere tilgangen til meldingstenesta X, som også er eigd av Musk, i Brasil, melder Reuters.

Den brasilianske høgsterettsdommaren Alexandre de Moraes gav i førre veke ordre til alle internettleverandørar om å stenge tilgangen til X fordi Musk nektar å følge eit pålegg om å utnemne ein juridisk representant i Brasil.

Dommaren fraus også bankkontoane til Starlink i Brasil fordi Musk har nekta å betale bøter X har fått fordi dei nektar å stenge kontoar dommaren meiner spreier falske nyheiter.

Men Starlink seier dei ikkje vil følge pålegget om å blokkere X før bankkontoane er opna igjen.

Читайте на 123ru.net