World News in Norwegian

Fleire ulveangrep skapar frykt i India

NRK.no 

Ei tre år gammal jente skal vere drepen etter eit ulveangrep i India sundag, skriv Hindustan Times.

To kvinner skal òg ha vorte skadde

The Independent skriv at minst åtte born og ei kvinne skal ha vorte drepne av ein ulveflokk dei siste månadane.

Lokale styresmakter har plassert ut fleire vakter i området, og har klart å fanga éin av ulvane. To ulvar er framleis på frifot, ifølge avisa.

Ulveangrep på menneske er uvanlege. I Europa har det ikkje vore nokre dødelege angrep frå friske, ville ulvar sidan 1970-talet, ifølge Norsk institutt for naturforsking (Nina).

Читайте на 123ru.net