World News in Norwegian

Sette verdsrekord i pølseeting

NRK.no 

Den amerikanske kappetaren Joey Chestnut sette ny verdsrekord i å ete pølser i Las Vegas måndag.

Han klarte å stappe i seg 83 pølser på ti minutt, og slo med det sin eigen rekord med sju pølser.

Han konkurrerte mot Takeru Kobayashu som måtte nøye seg med 66 pølser med brød. Det var likevel ny personleg rekord for japanaren, med ei betring på 1,5 pølser.

I konkurransen var det ikkje lov å dyppe brøda i vatn, helle vatn på brøda eller skilje brød og pølser frå kvarandre for å gjere det lettare å ete.

Читайте на 123ru.net