WHO er i rute med poliovaksineringa i Gaza
Kvart fjerde barn under ti år på Gazastripa er vaksinert mot polio, seier Verdas helseorganisasjon (WHO). Det er betre enn venta.
Massevaksineringa starta søndag etter at Israel gjekk med på åtte timar humanitære pausar i enkelte område medan vaksineringa skjer.
Seinare i veka skal 340.000 barn bli vaksinerte sør i Gaza, før dei nordlege områda står for tur.