EU fordømmer arrestordre på opposisjonsleiar i Venezuela
EUs utanrikssjef Josep Borrell fordømmer arrestordren mot opposisjonsleiaren Edmundo Gonzalez i Venezuela, melder AFP.
– No må det bli slutt på undertrykkinga og trakasseringa av opposisjonen og det sivile samfunnet. Vilja til det venezuelanske folket må bli respektert, seier Borrell i ei fråsegn.
Sittande president Nicolás Maduro hevdar han blei attvald i presidentvalet i juli. Men både USA, EU og fleire latinamerikanske land har nekta å godkjenne valet før resultata frå vallokala er offentleggjort.
Det har høgsteretten og valkommisjonen, som begge er peika ut av regimet, nekta å gjere.