World News in Norwegian

Meiner München-skyting var forsøk på terror

NRK.no 

Tyske etterforskarar meiner skytinga i München var eit terrorangrep, skriv NTB.

Ein 18 år gammal mann frå Austerrike skaut mot politiet utanfor Israels konsulat i byen.

Politiet skaut tilbake, og drap mannen. Ingen i politiet blei skadd.

Hendinga skjedde på årsdagen for gisselaksjonen i sommar OL i München i 1972, der elleve israelske utøvarar og ein tysk politimann blei drepne av terrorgruppe Svart September.

Gruppa kravde at palestinske geriljasoldatar skulle bli sette fri frå israelsk fangenskap.

Читайте на 123ru.net