World News in Norwegian

Kina forbyr adopsjonar til utlandet

NRK.no 

Kina forbyr adopsjon av kinesiske barn til utlandet, melder utanriksdepartementet i landet.

Unntaket er om det er biologiske slektningar i utlandet som adopterer eit barn eller stebarn.

Den siste adopsjonen frå Kina til Noreg var i 2017, skriv NTB. I 2007 blei 145 barn adoptert frå Kina.

Både Noreg og Danmark har hatt auka merksemd på at adopsjonar frå utlandet ikkje alltid skjer med samtykke frå dei biologiske foreldra. I fleire tilfelle er det avdekt forfalsking av dokument og regelbrot.

Читайте на 123ru.net