Melding om sakna mann etter bading
Politi og brannvesen og hovudredningssentralen har rykka ut til Blomvåg i Øygarden. Dette etter melding om ein person som ikkje skal ha kome til rette etter å ha bada i sjøen. Naudetatane arbeider på staden, med vitne, for å lokalisere siste stad vedkomande var sett.
– Politiet koordinerer arbeidet, men vi er på veg med eit helikopter for å søke etter personen i vatnet, seier Eivind Bø ved Hovedredningssentralen til Vestnytt.
Ein luftambulanse er også sendt ut, ifølge Bergens Tidende.