World News in Norwegian

To menn sakna i Gloppen sidan søndag kveld

NRK.no 

To turgåarar i 70-åra har vore sakna i Gloppen kommune sidan i går kveld.

Politiet fekk inn melding om at dei ikkje var kome tilbake frå turen til avtalt tid klokka 22.20 søndag kveld.

Ein av dei to mennene hadde nemnt at dei moglegvis kunne legge seg inn på ei hytte i området dersom det vart dårleg vêr. To Røde Kors-lag har i løpet av natta forsøkt å ta seg opp til hytta via dei to stiane, men måtte snu.

Det er ikkje dekning i området, så det har ikkje lukkast å få kontakt med dei to.

Det har òg vore drone involvert i søket, og eit helikopter er no på veg til området for å leite etter mobilsignal.

Dei to mennene skal vere fjellvande folk.

Når det lysnar av dag skal dei to Røde Kors-lag fortsette søket, opplyser operasjonsleiar Helge Blindheim ved Vest politidistrikt.

Читайте на 123ru.net