14 fornærma i omfattande overgrepssak - nordmøring tiltalt
I dag startar rettssaka mot ein mann i 40-åra frå Nordmøre som mellom anna er tiltalt for å ha fått barn under 14 år til å utføre handlingar som svarar til seksuell omgang med seg sjølv, noko som i straffelova blir rekna som valdtekt.
Ifølge tiltalen skal mannen ha betalt for å få eit barn under 18 år for å utføre seksuelle handlingar, og han skal ha prøvd å møte barn under 16 år for å få seksuelle tenester mot betaling.
Det er 14 fornærma i saka.
I tillegg er mannen tiltalt for å ha kjøpt, oppbevart og delvis selt bilde og videoar som seksualiserer barn under 18 år.
Mannen er også tiltalt for å ha utvist seksuelt krenkande åtferd ovanfor barn under 16 år.
Det er sett av sju dagar til saka i tingretten.