WHO har godkjend ein hurtigtest for m-koppar
Verdas helseorganisasjon (WHO) har godkjend ein hurtigtest som skal finna ut om nokon har m-koppar.
Dette vil gjera det enklare for land å raskt få ein oversikt over utbrot, og setja i verk tiltak, ifølgje WHO.
Sjukdommen er påvist fleire stader i verda. Flest tilfelle er det i Afrika, og særleg i Kongo.
WHO slo i august fast at m-koppar er ei global folkehelsekrise.