Regjeringa vil auke delen av studielånet som vert stipend
Det vil regjeringa auke frå 15 prosent til 25 prosent ved fullført grad. I tillegg vil dei redusere delen som vert stipend basert på studiepoeng.
Studentar kan framleis få omgjort opptil 40 prosent av lånet til stipend, men meir av det avheng av fullført grad. Dette er venta å spare staten 175 millionar kroner i 2025.