Israels forsvarsminister: Responsen til Iran vil vere dødeleg
Den israelske forsvarsministeren Yoav Gallant sa at gjengjeldinga mot Iran for missilåtaket førre veke vil vere «dødeleg, presis og overraskande», skriv Reuters.
– Dei som angrip oss, vil bli skada og betale ein pris. Vår respons vil vere dødeleg, presis og framfor alt overraskande. Dei vil ikkje forstå kva som skjedde og korleis det skjedde, men dei vil sjå resultata.
Det sa Gallant i ein video publisert i israelske medium på onsdag.
Det var 1. oktober at Iran sende 200 rakettar mot Israel som svar på at Israel har drepe fleire leiarar i Hamas og Hizbollah.