To menn mistenkt for menneskehandel
To menn vart fredag arrestert i Bergen, mistenkt for menneskehandel.
– Saka omhandlar menneskehandel med mistanke om tvangsarbeid. Dette inneber ofte prostitusjon, seier politiadvokat Sylvia Mylkebust til Bergensavisen.
Ein utanlandsk mann har status som fornærma. Han vert tatt hand om av politiet.