Barth Eide: Den humanitære situasjonen i Gaza vert forverra dramatisk
Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) er bekymra for den humanitære sitiasjonen på Gaza.
– I over eitt år har folket i Gaza levd i frykt for døden og med store øydeleggingar. Samstundes som mykje merksemd er retta mot Libanon og ei mogleg opptrapping i regionen, held krigen i Gaza fram med full styrke, og den humanitære situasjonen blir dramatisk verre, seier Barth Eide i ei uttale til NTB.
Israelske styresmakter må gjere meir for å sikre at folket i Gaza får tilgang til mat og naudhjelp, meiner utanriksministeren, som peikar på at FN har åtvara om ein nært føreståande hungersnaud.
Barth Eide tek til orde for ei tostaløysing.
Samtundes melder helsedepartementet i Gaza at minst 42.175 palestinarar er drepne og 98.336 såra i Israels militæroffensiv mot Gaza sidan 7. oktober 2023, skriv Reuters.