Ringnes tek grep for å unngå julebrus-krise
Mange nordmenns julebrus-favoritt måtte i fjor trekkjast tilbake frå butikkhyllene få dagar før jul. I år har Ringnes sikra seg for å unngå at det skjer igjen.
– Forut for julebrus-sesongen i år har vi gått gjennom heile verdikjeda for å sikre at glasflaskene held kvalitetsstandarden vi skal ha på flaskene våre, opplyser kvalitetssjef Anett Pugerup Christensen i Ringnes til NTB.
Det var 20. desember i fjor at Ringnes kalla tilbake julebrus og eplemost på glasflaske etter at det var avdekt skader i flaskemunningen på nokre av glasflaskene.
Dei rakk da ikkje lage meir før jul.
Julebrus-krisa fekk landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) til å komme på banen med ei oppmoding til nordmenn om å nytte høvet til å teste ut julebrus-drikker frå andre bryggeri. (NPK)