Utvidar sikting til drap
Ein mann i 20-åra har vore sikta for grov vald med døden til følge mot si eiga mor i Vestnes. No er siktinga utvida til å gjelde drap. Den sikta blir også varetektsfengsla i åtte nye veker. Politiet skriv i ei pressemelding at på grunn av tilstanden til den sikta, har dei ikkje fått hans formelle stilling til skuldspørsmålet.