World News in Norwegian

Pave Frans vil ha ei enkel trekiste

NRK.no 

Pave Frans har bestemt seg for at han berre ønsker seg ei enkel trekiste den dagen han skal gravleggast, ifølge ei melding frå Vatikanet, skriv Reuters.

Han går med det bort frå ein hundre år gammal praksis der paven blir gravlagd i tre slegne saman kister av sypress, bly og eik.

Paven har tidlegare kunngjort at han ville bli gravlagd i kyrkja Santa Maria Maggiore, som er den største kyrkja som er tileigna jomfru Maria i Roma.

Han blir med det den første paven som blir gravlagd utanfor Vatikanet på eit hundreår, skriv nyheitsbyrået.

Читайте на 123ru.net