USA la ned veto mot forslag frå FN om våpenkvile i Gaza
USA la onsdag ned veto mot eit forslag frå tryggingsrådet i FN om våpenkvile i Gaza, melder AFP.
Grunnen er at dei meiner forslaget ville ha styrka Hamas.
– Vi gjorde det klart gjennom forhandlingane at vi ikkje kunne støtte ei vilkårslaus våpenkvile som ikkje sette fri gislane, sa USAs FN-ambassadør Robert Wood etter avgjerda.