Canada kuttar moms på juletre og gir bort pengesjekkar
Statsminister i Canada Justin Trudeau vil gjere det lettare økonomisk for kanadiarar før jul. Det melder CBC.
No lovar regjeringa ein sjekk på om lag 2000 kroner (250 kanadiske dollar) til alle innbyggarar som tener mindre enn 1.1 millionar kroner i året.
Trudeau fjernar også momsen på ei rekke varer frå desember til februar. Det gjeld mellom anna juletre, restaurantmåltid, øl og barneleiker.
Det er val i Canada i 2025, og mange ventar at opposisjonspartiet Dei konservative stikk av med sigeren.