Sissel Knutsen Hegdal vurderer å gå mot fleirtalspartia i Stavanger
Sissel Knutsen Hegdal skriv i ein e-post til NRK og andre medium at ho kjem «til å ta saka til orientering i formannskapet i morgon» og eventuelt stemme for forslaget kommunedirektøren har til budsjett i Stavanger.
– Eg fekk først tilsendt eit utkast på e-post 22.11, og har behov for meir tid for å vurdere kutta som administrasjonen har foreslått opp mot forslaget frå fleirtalspartia, skriv Sissel Knutsen Hegdal i e-posten.
Høgre har saman med Venstre, KrF, Framstegspartiet, Pensjonistpartiet, og den nå uavhengige representanten Sissel Knutsen Hegdal, knappast mogleg fleirtal i bystyret i Stavanger.
Dei er derfor avhengige av Sissel Knutsen Hegdal for å få gjennom budsjettet.
– Høgre har i media uttalt at det er illojalt og vil føre til brot i samarbeidet dersom dei andre partia snakkar med meg og det har dessverre umogleggjort ein dialog undervegs i prosessen, skriv ho i e-posten.
Sissel Knutsen Hegdal sat tidlegare som ordførar for partiet, men melde seg ut etter ei einstemmig bystyregruppe bestemte at dei ikkje lengre ønskte ho som ordførar.