Tiltalt for at bil blei køyrd i 161 km/t i 80-sone
Ein mann frå Vestland er tiltalt i Hordaland tingrett etter at ein personbil, ein laurdag kveld klokka 22.50 i oktober 2023, blei køyrd i 161 km/t på E39 i Råtunnelen i Bergen.
Høgste tillate hastigheit på staden var 80 km/t.
Mannen, som er i 20-åra, er tiltalt for å ha køyrt bilen sjølv, eller for å ha medverka til hendinga ved å overlate køyringa personbilen sin til ein som er ukjend for politiet, medan han sjølv sat på som passasjer.
Mannen er også tiltalt for at bilen ikkje skal ha stoppa for politiet, trass i at politiet brukte blålys.
Han er også tiltalt for å ha køyrt motorvogn utan gyldig førarkort.