World News in Norwegian

Tilsett i DNB sikta for grovt underslag

NRK.no 

Ein tilsett i DNB er gripen av Trøndelag politidistrikt, sikta for grovt underslag.

Det opplyser politiet i ei pressemelding.

Den sikta er ein mann i 50-åra som er busett i Trondheim. Førebelse undersøkingar viser at underslaget gjeld rundt 9,5 millionar kroner, og skal ha blitt gjennomført over fleire år.

Det var DNB som varsla om forholdet. Ifølge banken er det ikkje noko som tyder på at kundane er råka av underslaget.

Også ein person i nær relasjon med mannen er sikta for å ha medverka til grovt underslag i same sak.

Читайте на 123ru.net