Den franske regjeringa vurderer kompromiss om statsbudsjettet
Regjeringa i Frankrike seier dei er villige til å gå inn kompromiss med andre parti for å få statsbudsjettet godkjent, melder Reuters.
Politikarar både til høgre og venstre for regjeringa har vore kritiske til forslaget til budsjett.
Finansminister Antoine Armand seier til franske BFM TV at finansmarknaden vil gå på ein smell om dei ikkje snart får vedteke eit budsjett.
Striden om budsjettet trugar også med å felle den nye regjeringa til statsminister Michel Barnier.