19 sivile drepne i russiske luftangrep i Nord-Syria
Minst 19 sivile er drepne i eit russisk luftangrep i Nord-Syria, ifølge leiaren av eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) Rami Abdel Rahman.
Det er for tida harde kampar mellom opprørarar og regjeringsstyrkar nordvest i Syria etter at jihadistgruppa Hayat Tahrir al-Sham (HTS) gjekk hardt inn i den nordlege Aleppo-provinsen på onsdag.
Russland er alliert med president Bashar al-Assads regime og har deltatt i krigen mot opprørarane i Syria i fleire år tidlegare.
Totalt skal over 200 personar, mesteparten soldatar, ha blitt drepne i kampane, ifølge SOHR.