Det libanesiske forsvaret hevdar våpenkvila mellom Israel og Hizbollah er broten
Det libanesiske forsvaret hevdar våpenkvila mellom Israel og Hizbollah er broten, melder nyheitsbyrået Reuters.
Den mellombelse våpenkvila trådde i kraft i går.
Det israelske forsvaret (IDF) sa tidlegare i dag at dei hadde skote mot eit av Hizbollah sine rakettlager i sørlege Libanon, etter at begge sider skulda den andre for å ha brote våpenkvile. Israel sa også at dei hadde skytt mot det dei kalla «mistenkte» som kom køyrande i fleire område i den sørlege delen av Libanon.
Det libanesiske parlamentsmedlemmen Hassan Fadlallah, som representerer Hizbollah, skulda deretter Israel for å ha brote våpenkvila, og hevda at Israel skøyt mot sivile som vender tilbake til landsbyane sine.
Våpenkvila blei forhandla fram USA og Frankrike, og er meint å vara i 60 dagar.