Obos-prisane i Oslo fall med 0,2 prosent i november
Prisane for brukte Obos-bustader i Oslo fall med 0,2 prosent frå oktober til november. På landsbasis gjekk prisane ned 1 prosent.
Obos-prisane i hovudstaden har stige med 7,3 prosent hittil i år.
– Prisane pleier å falle noko i november, så dette var venta. Nedgangen i Oslo var litt mindre enn snittet for november dei siste ti åra, seier sjeføkonom Sissel Monsvold i Obos i ei pressemelding.
(NTB)