56 personar drepne under fotballkamp i Guinea
Lokale styresmakter seier at 56 personar vart drepne under ein fotballkamp søraust i det vestafrikanske landet, Guinea søndag, melder Reuters.
Det var under eit samanstøyt mellom to grupper fotballsupporterar at fleire vart stampa i hel. Statsministeren i landet fordømmer hendinga.