Rekordhøg sjømateksport i november
Noreg eksporterte sjømat for 17,3 milliardar kroner i november.
Det er ein auke på 1 milliard kroner, eller 6 prosent, samanlikna med same månad i fjor, skriv Sjømat Norge i ei pressemelding.
Det er det høgaste eksporttalet for november nokosinne.
Noreg har eksportert sjømat for 160,4 milliardar kroner til no i år, som er 2,3 milliardar, eller 1,5 prosent, høgare enn på same tid i fjor.
Landa i EU-sona kjøpte mest norsk sjømat. Asia er også i vekst.